Songen fylte lauvtaket på den gamle kyrkjestaden denne søndagen.
Eileen Gjerde
Dei fyrste gjestene samla seg til morgonbøn i Indre Herøy kyrkje kl. 9.00. Etterpå vandra fylgjet til gamle fergekaia i Stokksund, og deltok på pilegrimsferd med sunnmørsjekta til Herøy gard. , Sokneprest Solfrid Leinebø Seljås leia vandringa.
Sokneprest Solfrid Leinebø Seljås, hovedpastor Knut Magne Dalsbø og generalsekretær i Norges kristne råd Erhard Hermansen tok del i den økumeniske pilegrimsgudstenesta på Herøy gamle kyrkjestad.
Erhard Hermansen heldt dagens andakt og forretta om 1000 års jubileet for kristenretten som vart markert på Moster mellom 28. mai og 2. juni.
“I 2024 er det 1000 år sidan den norske kongen Olav den heilage innførte kristenretten. Dette var eit sett med lovar vedteke i 1024 på Mostratinget på Moster i Bømlo kommune. Kristenretten er det fyrste norske lovverket basert på kristendommens verdiar, og markerar starten på svært viktige prosessar for landet vårt. Spora etter kristenretten er framleis tilstades i samfunnet vårt i dag. Derfor har vi denne tusenårsfeiringa!” Kjelde: Moster 1000 år.
Her kan du lese meir om kristenretten og markeringa på Moster.
Eileen Gjerde