Vi bur oss på 17.mai

Torsdag 16.mai gjekk vi i “øvetog” på Einedalen skule. Fremst i toget gjekk fire frå administrasjonen, og laga flott flaggborg til oss. 

Klassene stilte seg fint opp tre i breidda, og viste at dei hadde øvd på å gå fint i toget. Hurraropa runga om kapp med korpsmusikken då toget forlet skuleplassen. Turen gjekk rundt skulen, via gangvegen på Buholmlinja og enda på plassen nedanfor skulen. Det er rørande å sjå så mange glade, høgtidsstemte barn i strålande sol som feirar landet og grunnlova vår! 

Då vi kom tilbake til skulen samla vi små og store ved tuntreet vårt, som akkurat desse dagane står i full flor, og vi fekk teke eit bilete av oss alle i lag. Glade, stolte små og store! No er vi klare til 17.mai-fering!

Skulebarn går i tog - Klikk for stort bileteToget nærmar seg skulen Sølvi Nerem Berg Skulebarn går i tog - Klikk for stort bileteFlaggborga Sølvi Nerem Berg Alle ved skulen  - Klikk for stort bileteTeam Einedalen! Sølvi Nerem Berg