Einedalen skule spring for årets TV-aksjon 2024

Fredag 18.oktober arrangerte Einedalen skule det årlege skuleløpet sitt. 


 

7.klasse har hatt ansvaret for arrangementet og dei hadde jobba godt i forkant med å merke løyper, henge opp banner og lage saft til alle saman! I tillegg hadde dei førstehjelpsstasjonar langs løypa. 

Pengane frå tv-aksjonen går i år til Barnekreftforeininga og Einedalen har også eigen spleis ein kan støtte. Pengane skal blant anna gå til familie rundt born med alvorleg sjukdom, sånn at ein kan ha moglegheit til å få bu saman med barnet sitt, sjølv om ein bur langt unna sjukehuset. 

Elevrådsleiar Theo Wilnes Remøy og nestleiar Tora Lill Håheim Garvik seier det har vore veldig kjekt å få vere med og arrangere skuleløp. 

¨Det kjekkaste er å kunne lage til noko for andre og sjå at dei kosar seg¨, seier Tora. 

¨Ja, og samle inn pengar til ei god sak¨, legg Theo til. 

Einedalen skule har i skrivande stund samla inn 11 400 kr. 

7.klasse deler ut saft.

 

Klare med førstehjelp om det trengs.