100 dagar på skule.

Onsdag 25. januar har 1. klassingane ved Blåhaugen gått 100 dagar på skule. Det vart feira med stor fargefest!

Neglelakk i ulike fargar.  - Klikk for stort bileteFargefest. Anne Karen Kopperstad

100 dagar på skule.

Elevane ved Blåhaugen markerte 100 dagar på skule ved å gjere det meste i 100 denne dagen. Elevane har arbeidd mykje fram mot denne dagen og ei av oppgåvene dei øvde på var å telje til 100. Rektor vart invitert av klassa, for å bli telt til, og 1. klassingane greidde det med glans. Dagen vart brukt til å utføre ulike oppgåver som hadde talet 100 i seg. 

100 dagar på skule er stor stas, og for å gjere det enno kjekkare, inviterte dei vaksne på trinnet til fargefest, på kveldstid, dagen etter. Her var det fargerike klede som var tema og elevane fekk svinge seg til diskomusikk, ete pølse med brød og kake og gjere kjekke oppgåver. Elevane var i 100. 

Det som nok var eit av høgdepunkta, var den oppfinnsame neglelakkstasjonen som ein av assistentane hadde sett opp. Her var det kø for å få fargerike neglar.