TEMAVEKE OM OL

I veke 6 og 7 lærer elevane på 5.-7.trinn mykje om OL og om Kina.

Elevane les og skriv om OL. Dei skal føre statistikk, lese tabellar og grafar,lære om menneskerettar og mykje anna som er viktig å kunne. Og så skal dei sjølvsagt halde oversikt over alle medaljane dei norske utøvarane får med seg heim frå Beijing.

Korleis oppsto dei olympiske leikane? Kvar skjedde det første gongen? Kor mange greiner er det i vinter-OL? Kva veit vi om Kina? Kven er uigurane? Korleis kan 20 % av alle folk på jorda bu i eit land - kvifor vart Kina så tett befolka? Kva var eitbarnspolitikk? Lurer du på noko av dette, kan du ta turen innom ei av klassene i dagane som kjem.