Temakveld om nettvett.

Bergsøy skule har fått støtte frå Tussa til å arrangere temakveld for foreldre på 5.-7.trinn tysdag 17.11.2020 kl. 18:00 på Konserthuset.

Barnevakten er fagleg ansvarleg for denne kvelden. Dei arbeider for at barn og unge skal kunne bruke media på ein trygg og bevisst måte.

Stikkord:

Fakta om mediebruk

Gleder & utfordringar

Skjermtid

Speling

E-sport

Førebilete

Nettmobbing

Personvern

Sosiale media

Aldersgrenser

Medieskapt utsjånadspress

Foreldrerolla

Nyttige ressursar

Prate saman

Bevisst mediebruk og gode råd til foreldre.

 

Set deg grundig inn i reglane for smittevern: https://www.fosnavagkonserthus.no/smittevern-under-korona/

Av smittevernomsyn skal alle ha reserverte plassar. Arrangementet er gratis. Nytt lenkja under.

https://fosnavagkonserthus.no/program/?t=temakveld&s=tm43ap

Bruk kodeordet du fekk i e-post sist veke.

ALLE MÅ HA RESERVERTE PLASSAR. DU BESTILLER PÅ SAME VIS SOM NÅR DU KJØPER KINOBILLETT, MEN DU BETALER SJØLVSAGT IKKJE NOKO.

 

Skulen håper alle heimane vert representert denne kvelden. Dette er eit svært viktig og aktuelt tema som angår alle foreldre.

Barnevakten møter elevane på dagtid tysdag.

Arrangementet er godkjend av Herøy kommune sin smittevernoverlege.

Vel møtt!