Skulebiblioteket i ny drakt.

Siste tida har bibliotekansvarleg Hege fått god hjelp av flinke elevar. Dei har gjort biblioteket til ein endå finare stad å vere.

Det er ein klar samanheng mellom leselyst og lesedugleik. Den som les mykje, blir god til å lese. Skulebiblioteket har ei viktig rolle i å fremme leseglede og trivsel. Opplæringslova seier at skulen skal ha skulebibliotek som skal kunne brukast aktivt av elevane i skuletida. Då er det bra at dette er ein stad det er kjekt og fint å vere - og at det er ein god stad for læring og trivsel.

Gjennom fagfornyinga skal elevane få meir tid til djupnelæring. Det vil seie å lære ting så godt at du forstår samanhengar og kan bruke det du har lært i nye situasjonar. Utvikling av dei grunnleggande ferdigheitene er viktig i alle fag på alle trinn. Dette kan skulebiblioteket hjelpe til med. Ta deg ein tur og finn deg ei bok du har lyst til å lese!