Skrivekurs med Christian Wiik Gjerde

Som ein del av den kommunale kulturplanen, fekk 6.trinn i dag besøk av Christian Wiik Gjerde.

Christian er herøyvering og tjørvågar. Han er utdanna lærar, men no jobbar han som forfattar og journalist.

Christian har fokus på karakterbygging i tekstane sine. "Ein truverdig og finurleg karakter er ofte starten og kanskje det viktigaste i ei forteljing" seier Christian. Han fortalde elevane korleis han bygger opp ein karakter i historiene sine og han forklarte mykje om skriveprosessen. Elevane fekk med god hjelp prøve seg som tekstskapar etter gode skriverammer som Christian hadde laga.

Christian hadde med seg den nye, kjekke boka si - "Jakta på firkløveren". Her kjem eit lite utdrag: Det er sommarferie og skulefri. Alvar og Jens badar med Gulla, leitar etter firkløver, har klubbmøte i trehytta - ja, dei gjer alt det kjekke ein kan gjere på ei øy uti havgapet. Og snart skal ein gut flytte inn i Kråkeslottet. No skal dei bli tre - det må jo bli trippelt så kjekt! Men når den nye guten kjem, forstår Alvar at sommaren blir ganske annleis enn han har sett for seg. Det blir sjalusi, krangel og forviklingar. Alvar må finne den vesle helten i seg, og det litt kjapt.