Plast og berekraft - eit viktig prosjekt ved Bergsøy skule

Denne veka starta elevane med nytt prosjektarbeid. Temaet er viktig for oss som lever no, men minst like viktig for generasjonane som kjem etter oss.

Elevane skal lære om plast. 

Kva er plast? Kva brukar vi det til? Kva er bra med plast og kva er problematisk?

For å forstå dette, skal elevane få god innsikt i kva marin forsøpling er og kvifor mikroplast er svært negativt for næringskjeda og dermed for fugle- og dyrelivet på land og til havs.. Dei skal få kunnskap om kva verknad slik forsøpling har på naturen og kva vi kan gjere for at skadane vert minst mogeleg. 

Det viktigaste vi kan lære er at alle kan hjelpe til - handle lokalt og tenkje globalt. Unngå plast, reduser bruken, bruk opp att og resirkuler. Elevane lærer om bevisste val av klede og sko. Dei drøftar kva vi kan gjere for at produksjon og bruk av plast skal gå ned.

Prosjektet vert avslutta med ryddedag.  Plukk opp plast du ser på din veg og bidra til mindre øydelegging av den flotte naturen vår og den gode jorda vi skal leve på i generasjonar vidare.

Vi har forplikta oss til å jobbe etter dei 17 berekraftsmåla FN har vedteke. Det er framtida som står på spel!                                                                                                                                                              

 

 God og ryddig 17.mai ynskjast frå elevar og tilsette ved Bergsøy skule avd. 5-7.