Øyhoppinga har starta

I 6A er det Matilda av Roald Dahl som er den utvalde boka alle les. Den er kjempespennande! Vi les om vidunderbarnet Matilda som vart fødd inn i ein familie ho ikkje passar inn i. Ho er åleine heime kvar dag og lærer seg raskt å lese.Rektoren hennar er grusom, men læraren er kjempesnill.....(vi kan ikkje røpe for mykje endå..)

Elevane jobbar med øyer/oppgåver som er laga utifrå den boka dei les. Ei arbeidsøkt består av ein lærarstyrt del og ein elevstyrt del. Den lærarstyrte delen inneheld høgtlesing (førebudd heime av elevar som har avtalt med læraren sin), den litterære samtalen (lærer elevane å gå djupare inn i teksten) og stillelesing. Den elevstyrte delen er reisa frå øy/oppgåve der elevane sjølv velger rekkjefølge.

Opplegget er tilpassa alle då mange av oppgåvene/øyene finst i tre ulike vanskegradar.