Minecraft-dagar på Bergsøy skule

5. trinn på Bergsøy skule har dei siste dagane vore med på eit gratis webinar med Minecraft Education. Elevane vart introduserte for Alfred Nobel og Nobels fredspris i ei virituell verd ved Fredssenteret. Inne i spelet fekk dei møte fleire fredsprisvinnarar som trong hjelp med ulike oppdrag, og engasjementet var stort blant elevane.

I læreplanen står det at “Elevane skal vere kreative og skapande med digitale ressursar, og å kommunisere og samhandle med andre i digitale omgivingar”. Elevar i dag blir stadig betre i digitale dugleikar, og i arbeid med Minecraft Education var dei heilt på heimebane. Fleire elevar imponerte med digital kunnskap og hjalp klassekameratar,- og lærarar, når dei stod faste.

 

Kan vi få Minecraft som eit eige fag?” spør Natalie. Elevane er samstemte: Minecraft er både kreativt og lærerikt, og dei kan utforske mykje.

“Vi kan også lære meir om språk, om vi velgjer engelsk!” seier Kevin. 

Dette var skikkeleg gøy, spanande og sosialt!