Leseprosjektet "Øyhopping" på 5,-7.trinn.

Neste veke startar vi opp att med leseprosjektet "Øyhopping".

Siste åra har vi hatt eit årleg lesepsosjekt, og i fjor prøvde vi akkurat dette for første gong. Det var så kjekt at vi like godt gjer det på same måten i år. Vi har nye øyer, men opplegget er slik elevane kjenner det frå i fjor. For 5.trinn vert slikt leseprosjekt ei ny og spennande oppleving.

Leseprosjektet er tverrfagleg og inneheld oppgåver i alle fag  der alle dei 5 grunnleggande ferdigheitene skal nyttast. Elevane jobbar med øyer/oppgåver som er laga utifrå den boka dei les. Oppgåvene finn dei i ein perm på fast plass i klasserommet.
Ei arbeidsøkt i prosjektet består av ein lærarstyrt del og ein elevstyrt del. Den lærarstyrte delen inneheld høgtlesing (førebudd heime av elevar som har avtalt med læraren sin), den litterære samtalen (lærer elevane å gå djupare inn i teksten) og stillelesing. Den elevstyrte delen er reisa frå øy/oppgåve der elevane sjølv vel rekkjefølge.
Opplegget er tilpassa alle då mange av oppgåvene/øyene finst i tre ulike vanskegradar.

Vi samarbeider med  Statped skolelydbok og Folkebiblioteket. I år nyttar vi ma. desse bøkene:

Glimt (Tor Arve Røssland), Best i byen (Torbjørn Moen), Vaffelhjerte (Maria Parr), Keeperen og Havet (Maria Parr), Skammerens dotter (Kaaberbøl), Gutten med den stripete pysjamasen (John Boyne) og Ulvsestova (Atle Hansen).