Lær kidsa koding!

I dag fekk 7.trinn besøk av VilVite-senteret. Petter lærte oss å programmere - det var kjempekjekt!

 

"Lær Kidsa Koding" arbeider for at born og unge skal lære å forstå og beherske si eiga rolle i det digitale samfunnet. "Lær Kidsa Koding "vil hjelpe dei unge til ikkje berre å verte brukarar, men også skaparar og ha det gøy med teknologien.

I tillegg til å auke den allmenne forståinga av informasjonsteknologi, ynskjer "Lær Kidsa Koding" å bidra til rekruttering til IT-yrka og realfaga.

Les meir om dette her