Forfattarbesøk og skrivekurs på 5.trinn

I dag hadde 5.trinn kjekt besøk av forfattar Christian Wiik Gjerde.

Han las frå ei av dei fine bøkene sine, Jakta på firkløveren. Her får vi høyre om sommarferien til Alvar, Gulla  og Jens som leitar etter firkløver på øya. Det kjem flyttande ein ny gut til Kråkeslottet. Då hender det ting...

Christian lærte elevane gode skrivetriks før dei hadde skriveverkstad. Dei fekk god hjelp til å byggje sin eigen karakter som dei skreiv om i historia si. Som støtte i arbeidet brukte dei eit karakterkort - det er ei slags skriveramme for å bygge opp karakterar i historia. Veit du kva ein protagonist og ein antagonist er? Dersom du er usikker, kan du spør ein elev frå 5.trinn. Eit av dei beste (av mange) tips Christian delte med elevane, var at det er svært lurt med ein pangstart på historia di. Då har lesaren ekstra lyst til å lese meir. 

Det var kjekt å høyre Christian fortelje om korleis ei bok vert til og korleis det er å vere forfattar.