Flott arbeid i kunst og handverk på 7.trinn.

Elevane på Borga nyttar sløydsalen så mykje som råd denne hausten. Det vert andre emne i faget siste del av skuleåret. Denne flotte ostehøvelen har Heine laga - heldig den som får denne!

Eit av kompetansemåla i kunst og handverk etter 7. trinn er å kunne nytte ulike handverk og elektroniske verktøy for å bearbeide harde materiale på ein trygg og miljøbevisst måte. Dette flotte arbeidet har høg måloppnåing. Skaftet er pussa svært grundig, så det er godt å halde i som gjer at ostehøvelen er god å bruke.