Elevrådet på Bergsøy skule, Borga

 

 Elevrådet 2020-2021 for Bergsøy skule er svært klar for mykje godt arbeid til det beste for alle elevane.

Opplæringslova har ein eigen paragraf som handlar om elevrådsarbeid. Elevrådet skal jobbe for saker som alle elevane på skulen er interessert i. Dette skal dei gjere for å skape eit godt lærings- og skulemiljø.

Elevrådet på Borga har 12 medlemmar. Synne er leiar, Jakob er nestleiar og Tomine B er skrivar. Det er ei stor ære å verte vald til elevrådet, og denne oppgåva gjer alle medlemmane på ein strålande måte!