Elevrådet har hatt kjekt besøk i dag.

I dag kom ordførar Bjørn og oppvekstleiar Sølvi på besøk til elevrådet.

Elevrådet på Borga inviterte ordføraren og skuleleiaren på besøk. I dag kom dei. Elevane hadde mange spørmål og mykje dei ville fortelje.

Nokre av spørsmåla handla om bygget og planane vidare.  Andre spørsmål handla om skulevegen og trafikktilhøva rundt skulen vår.

Elevane fortalde frå skulekvardagen, frå leseprosjektet og understreka viktigheita av at vi har fått på plass trefftid for helsesjukepleiar. Besøket fekk også høyre at elevane kjenner godt til kva Opplæringslova seier om plikta skulen har til å ha eit godt fungerande elevråd.

Sølvi og Bjørn hadde gode spørsmål som elevane svarte fint på. Dette vart eit flott møte - takk for besøket!