Den magiske kroppen

5.trinn lærer mykje om den magiske kroppen. Visste du at du har fleire levande vesen i kroppen din enn det finst  menneske på jorda?

Når noko er levande, vert det kalla ein organisme. Den er sett saman av alle dei systema som trengst for å kunne leve. Du er ein organisme, og du har mange organismer inni deg. Kroppen din er stappfull av bakteriar som er nyttig og bra for deg,

For at du skal leve, må kroppen din ha nokre bestemte system. For det første må den ha mat og oksygen. Då treng du eit system for å puste og for å frakte lufta rundt i kroppen din. Kroppen treng også eit system som fiksar at maten vert til energi og at det du et som du ikkje treng vert gjort om til avfall.

5.trinn har mange spørsmål når dei undrar seg over dette flotte systemet som heiter kropp. Kvifor har vi hud? Korleis ser hår ut? Kva delar er viktigast i dette systemet? Kva system er viktigast?

Noko kan vi finne svar på med å bruke mikroskop. Nokre svar finn vi i bøker og nokre spørsmål må vi kanskje lure endå lengre på.