Bevar biene og livet på jorda!

7.trinn har hatt eit stort og viktig gruppearbeid. Dei har lært mykje om kor avhengig vi er av biene.

Vi skal takke biene for at vi har blomster, frukt og grønsaker. Både menneske og dyr treng mat. Forsvinn biene, så forsvinn også maten vår. Grunnen til at jobben til biene er så viktig, er at biene lever av nektar og syt for pollineringa blomane treng for å vekse.

Det er vi menneske som gjer slik at biene forsvinn. Klimaendringar som kjem av valga vi gjer kvar dag fører til at livet på jorda er trua. Men dersom alle vi som bur her no samarbeider, så kan dette snu. Om du ynskjer å bidra, så følg råda frå 7.trinn: Ikkje slå graset og dei ville blomane - det er der alt det fantastiske arbeidet biene gjer foregår. Ikkje bruk gift. Plant blomster som har mykje nektar, så frøbomber og bygg humlekasser. Om du lurer på noko, så spør ein 7.klassing frå Borga. Dei veit og kan mykje om dette viktige arbeidet. Dei ser samanhengane mellom alle dei 17 berekraftsmåla FN har bestemt vi skal jobbe for å nå.

Elevane har skrive brev dei skal sende til Herøy kommune. I brevet ber dei ma. om at kantslåtten ikkje vert gjort før etter at pollineringa er over.