Bergsøy skule si innsamling til flyktningane i og rundt Ukraina

Det vart i dag sendt 76 559,- til vener i aust via Røde Kors, Flyktninghjelpen, Redd Barna, Caritas, UNICEF og Kirkens Nødhjelp.

Elevar og tilsette  vil takke alle som har gitt oss flotte gevinstar og alle som har kjøpt lodd. Måtte dei som er redde, svoltne og manglar framtidstru snart få betre dagar. Vi sender dei mange varme tankar.