Bergsøy skule hjelper borna i Ukraina

Bergsøy skule har eit svært viktig  lotteri. Vi støttar fellesinnsamlinga til Ukraina som Unicef, Kirkens Nødhjelp, Flyktningehjelpa, Caritas og Redd Barna samarbeider om.                                                                                                                                                                                                                           

Enormt behov for hjelp.

Dei humanitære organisasjonene arbeider med å hjelpe menneska som er ramma av krigen, både i Ukraina og i nabolanda. Mange har flykta frå alt dei eig, og behovet for akutt naudhjelp er enorm. Folk treng livsnødvendige ting som vatn, mat, husly og medisin. Ukraina opplever ei enorm flyktningekrise. Millionar er berørt av konflikta, og FN anslår at fleire millioner vil flykte frå landet. 

Elevane har fått svært god respons frå heile næringslivet i Herøy. Det gjer at vi har fleire loddbøker, og elevane skal  no selje lodd til familie, naboar og vener. Trekkinga vert i veke 11. Vi takkar alle som har gitt gevinst og alle som kjøper lodd. Vi sender varme tankar til dei som er redde, til dei som svelt og til dei som manglar håp og framtidstru.