Aksjon Aluminium

7.trinn på Borga er med på Aksjon Aluminium. Det er ein gratis resirkuleringskonkurranse for 5.-7.trinn.

Aksjonen består av 2 delar: Innsamling og kreativ gjenbruk. Aksjonen varer frå 19. oktober til 22.november. Dei fire første vekene deltek elevane på innsamling og kreativ gjenbruk. Den siste veka går til registrering av tal og innsending av bilder.

Det fine med aluminium er at det ikkje vert øydelagd etter at vi har brukt det. Metallet kan smeltast om og brukast på nytt og på nytt og på nytt..... Resirkulering krev myke mindre energi enn å lage aluminium på nytt. Difor er det viktig at mest mogeleg av aluminiumen vi brukar vert sendt til resirkulering.

Visste du at

  • 760 resirkulerte aluminiumsboksar kan verte til ein sykkel. 
  • Metallemballasjen vi gjenvinn kvart år i Noreg tilsvarar vekta av eit middels stort hurtigruteskip.
  • Ein gjenbrukt "makrell i tomat-boks" sparar CO2 tilsvarande 1,5 km bilkøyring.

Meir info om aksjonen her