7.klassingane våre hoppar frå øy til øy.

"Det er så kjekt å velje oppgåver sjølv". Sitatet kjem frå elevane som får velje øy og oppgåver utifrå alt det spennande lærarane har laga til leseprosjektet.

På geografiøya skal elevane jobbe med kart over nord- og mellom-Amerika. Dei skal plassere landa på kartet og finne namn på hovudstadar.

Mange av øyane der elevane jobbar med ordklasser, språkstruktur og alfabetet er digitale. Då jobbar dei på sin eigen Chromebook på nettstaden til Ordriket.

På berekraftsøya skal elevane gå inn på ei nettside og lese meir om FN sine berekraftsmål. Så skal dei velje seg ut 4 berekraftsmål dei synes er viktige, og skrive kva vi kan gjere for å nå dei måla innan 2030.

På tidsøya jobbar elevane med klokka og kvardagslege situasjonar der ein må lese av tabellar og rekne ut tid mm.

Påskeøya er ei skikkeleg koseøy. Her kan dei lene seg tilbake og sjå ein halvtimes film om kva som hende dei ulike påskedagane.

På kunstøya kan dei teikne valfritt frå boka dei les. Nokon teiknar hunden, andre hovudpersonen eller andre personar og nokon teiknar båten frå boka.