Lærarar frå Sunnmøre og representantar frå Nynorsksenteret og Nasjonalt lesesenter var nyleg samla på Thon Hotel Fosnavåg.
Nynorsksenteret
I Les for meg prøver forskarar og lærarar ut ein metode for å legge merke til kva eleven strevar med, utan at eleven får opplevinga av å bli vurdert.
Metoden gir læraren to verktøy: eitt verktøy for presist å legge merke til kva eleven strevar med, og eitt verktøy for å velje ut kva slags tilbakemelding ein skal gi til eleven slik at eleven får lyst til å lære og lese meir.
– Leseferdigheiter og motivasjon heng tett saman. Vi ønsker at elevane skal vere engasjerte i lesinga medan dei vert vurderte, seier prosjektleiar Bente R. Walgermo ved Nasjonalt lesesenter.
Nyskrivne bøker
Lærarane får gjennom prosjektet utdelt ei bokeske med fire nyskrivne bøker. Kvar bok finst i tre utgåver med ulik tekstmengde. På den måten kan læraren velje kva nivå dei meiner passar til kvar enkelt elev. Framsidene og illustrasjonane i dei tre bokutgåvene er like. Dei er ikkje merkte med lesenivå i form av tal.
Tidlegare har materiellet blitt testa ut i bokmålsområde. Herøy er ein av kommunane som prøver ut materiellet i vår.
– Denne utprøvinga vil gi oss viktig innsikt i korleis vi kan styrke leseopplæringa til nynorskelevane, seier førsteamanuensis Liv Kristin Bjørlykke Øvereng på Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda.
Finansiert av Forskingsrådet
Prosjektet er finansiert av Noregs Forskingsråd. Målet er å utvikle eit verktøy som lærarane kan bruke for å vere tettare på leseprogresjonen til elevane, og å gi lærarane meir kunnskap om kva motivasjon betyr for leseutviklingane til elevane.
Les meir om forskingsprosjektet på nettsidene til Nasjonalt lesesenter.