– Vi skal jobbe for at Suel skal få kome tilbake

– Ein feil bør kunne rettast opp, sa ordførar Bjørn Prytz på ei støttemarkering for Suel Kassembo tysdag.

ordføraren på talarstolen - Klikk for stort bilete Lisbeth Moltu Espeseth

Runde miljøsenter melder at deira medarbeidar Suel Kassembo er frakta til Politiets utlendingsinternat og står i fare for å raskt bli send ut av landet

Ordføraren deltok med appell på ei støttemarkering for Kassembo i kommunestyresalen på Herøy rådhus tysdag. Prytz viste til at ei lokal gruppe har jobba med saka politisk.

– Vi har heile tida fått høyre at styresmaktene ikkje har trudd på at han var frå Burundi. Dei har ikkje trudd på det han har sagt. Når han no endeleg får bevis for at alt han har sagt desse 19 åra, er sant, kva er då takken og resultatet? Då er det handjern dagen etterpå, sa ordføraren.

– Paradokset her er jo at hadde dei trudd på det han sa då han kom, så hadde han vore ein av oss her ute, då hadde han fått innvilga opphaldsløyve som mindreårig, sa Prytz.

– Gjere kva vi kan for å hjelpe han

– Ein feil bør kunne rettast opp, og det kan vere eit godt argument no når vi skal jobbe for at Suel skal få kome tilbake hit. Vi ser på han som herøyværing, og gjerne ulsteinvikar, og vi skal prøve no framover å gjere kva vi kan for å hjelpe han til å kome tilbake og bli ein fullverdig borgar i kommunane våre, sa ordføraren.

– Påtrykket frå politikarar lokalt og frå veljarar bør no vere knallhardt. Det er den einaste måten vi har ein sjanse til å kunne få Suel tilbake til oss. Og det skal vere målet for oss alle, sa Prytz.

støttemarkering i kommunestyresalen - Klikk for stort bilete Lisbeth Moltu Espeseth