Janita Westbø Remøy
Arrangementet må seiast å vere svært vellukka. 39 engasjerte vaksne og 5 små barn var tilstades.
Frå legevakta deltok Lisbeth Hoggen Totland, Elin Kleiven Nedrelid og Frans Roelvink. Dei dyktige sjukepleiarane frå legevakta, gav gode råd i høve sjukdom og skade, samt demonstrerte førstehjelp dersom barn setter noko fast i halsen, eller får behov for hjarte- og lungeredning.
Alle som ynskja det, fekk øve på dokker, med kyndig rettleiing undervegs. Det var eit kjekt og lærerikt kurs, var kommentaren frå foreldre som var tilstades.
Bilder frå kurset: