Bak frå venstre: Roy Gustav Oldeide, Kristin Monsen Lystad, Berit Klepp, Anette Teige, Tor Sindre Steinsvik (Eigarrådet for Herøy gard) og Hans Lennart Sævik. Framme frå venstre: Joakim EIksund, Arve Voldsund, June Pettersen og Kåre Olav Aksnes.
Eileen Gjerde
Tid: tysdag 28. januar klokka 18.00
Stad: Lanternen, Jensholmen 1
– Vi ønsker å danne foreininga for å skape meir aktivitet og å knyte fleire ressursar til Herøy gard, seier leiar for interimsstyret Berit Klepp.
Saman med kulturavdelinga og eigarrådet for Herøy gard, vil styret og frivillige i foreininga
- samarbeide om aktuelle oppgåver
- søkje prosjektmidlar
- koordinere frivillig innsats
- gi praktisk og økonomisk innsats for at Herøy gard kan oppfylle visjonen om å «vere eit føretrekt reisemål når det gjeld opplevingar knytt til historie, kultur, natur og rekreasjon»
Styre, valnemnd og revisor
Desse har takka ja til å vere kandidatar til val av det fyrste styret:
- leiar Joakim Eiksund
- nestleiar Arve Voldsund
- medlem June Pettersen
- medlem Kristin M. Lystad
- medlem Roy Gustav Oldeide
- varamedlem Torill Myren
- varamedlem Kåre aksnes
- varamedlem Merethe Hjertø Flusund
Kandidatar til valnemnd:
- Bjørn Prytz
- Tone Tjervåg
- Terje Frøystad
Kandidat til revisor:
Foreininga skal registrerast i Brønnøysundregisteret og Frivilligregisteret, og vert ei sjølvstendig eining ved Herøy gard.
Sakspapir
Lenke til sakliste og dagsorden. (PDF, 41 kB)
Lenke til framlegg til vedtekter for foreininga Herøy gards venner. (PDF, 130 kB)
Møtet er ope for alle.
Velkomen!