Varslar svært høg vasstand og svært kraftige vindkast

Meteorologisk institutt har sendt ut oransje farevarsel for blant anna Møre og Romsdal.

bølger på havet - Klikk for stort bilete Adobe Stock

Svært høg vasstand

I fylket vårt er det farevarsel om svært høg vasstand (oransje nivå) i to periodar: frå laurdag morgon og frå laurdag kveld.

Råda er:

  • Sjekk fortøyingane til båtar.
  • Sikre lause gjenstandar i strandsona.
  • Ver varsam ved ferdsel i strandsona, på grunn av høge bølger.

Overfløyming kan gi vasskadar på infrastruktur og bygningar fleire stader i strandsona. Vind og bølger i kombinasjon med høg vasstand kan gi moderate skadar på infrastruktur og bygningar i strandsona, heiter det i varselet.

Svært kraftige vindkast

Meteorologisk institutt varslar svært kraftige vindkast laurdag ettermiddag og kveld.

Råda er:

  • Fest alle lause gjenstandar.
  • Lukk vindauge og dører godt til.
  • Sørg for at takrenner, stillas, antenner og presenningar er godt festa.
  • Unngå ferdsel på utsette stader.
  • Rekn med ekstra tid til transport og køyring.
  • Vurder om reisa er naudsynt. Følg råd og sjekk status frå transportaktørar. Sjekk vegmeldingar (175.no).
  • Behovet for beredskap skal vurderast fortløpande av beredskapsaktørar.
  • Ver varsam ved ferdsel i strandsona og på sjøen. 
  • Vurder på førehand tiltak for å avgrense skade.