Adobe Stock
Det har vore planlagt fleire bålarrangement rundt om i kommunen 18. januar:
- Jensholmen
- Kvalsund
- Leinane
- Parken i Fosnavåg
- Runde fyr
Følg med her for å sjå status for arrangementa.
Samarbeid om friluftsgleda
Herøy kommune skal samarbeide med lag og organisasjonar og andre eldskjeler for at fleire i Herøy skal finne si friluftsglede.
Tidlegare i januar hadde vi eit informasjons- og dialogmøte der vi starta dialogen om ein felles aktivitetsplan for å markere Friluftslivets år i Herøy. Vi snakka om korleis vi saman kan skape miljø innan friluftsliv der alle føler seg heime, verdsette og forstått.
24 personar frå heile Herøy deltok og bidrog til gode refleksjonar og nye idear. Dette gir oss i den kommunale arbeidsgruppa stor motivasjon for vidrare arbeid og koordinering.
Vi ynskte å få ein skikkeleg pangstart med mange bålarragement i heile kommunen.
Så: Velkomen med på tur og kjenn varmen i fellesskapet!