TV-aksjonen: Er du klar for sentrumsløpet fredag?

Fredag klokka 15.00 er vi klare for sentrumsløpet der inntekta går til Barnekreftforeningen. Komitéen inviterer og utfordrar tilsette i kommunen og lokalt næringsliv til å delta.

Deltakarar på sentrumsløpet og heiagjeng.  - Klikk for stort bileteGod deltaking og heiagjeng på sentrumsløpet i 2023. Svein Arne Orvik

– Løpet går rundt i Fosnavåg sentrum og vi håper at flest mogleg deltek, både kommunalt tilsette og lokalt næringsliv, seier ordførar Tine Storøy.

Du treng ikkje å melde deg på. Møt opp utanfor rådhuset der løpet startar. Her kan du gå eller springe alt etter kva du sjølv ønskjer. Det er inga deltakaravgift. Vi oppmodar alle deltakarar om å støtte den digitale bøssa «Frå oss som bur i Herøy». Få gjerne andre til å støtte med eit beløp for kvar runde du går eller spring.

– Bli med på eit spanande og meiningsfullt arrangement åleine eller i lag med dine kollegaer. Vi gleder oss til å sjå deg, avsluttar ordførar Tine Storøy.

Les meir om TV-aksjonen i Herøy.