TV-aksjonen: Den digitale Herøy-bøssa er på lufta

Ver med og gi i bøssa «Frå oss som bur i Herøy». Kommunen har gitt 20 000 kroner. Pengane går til Barnekreftforeningen. Les om aksjonsplanane våre.

Delar av komiteen for årets TV-aksjon. Frå venstre Liv Hogrenning (Brystkreftforeininga), Wenche Moltu (kommunikasjonsavdelinga), Frida Myklebust (ungdomsrådet, Cecilie Zahl (Blåhaugen), Tine Storøy (ordførar og leiar for komiteen)Maria S. Leine(Fosnavåg handelsforeiing), Karl Oskar Sævik (varaordførar) og Britt Paulsen (Frivilligsentralen og koordinator) - Klikk for stort bileteDen lokale komiteen for TV-aksjonen har planane klare. Svein Arne Orvik

Pengane frå aksjonen går i år til å hjelpe barn ramma av kreft og andre alvorlege sjukdomar: Det skal etablerast familiehus i Tromsø, Bergen, Trondheim og Oslo der alvorleg sjuke barn kan vere saman med familien.

Her finn du den digitale bøssa.

Komiteen i Herøy er i full gang med å førebu aktivitetar for å få samla inn mest mogleg. Nedanfor ser du noko av det som er planlagt. TV-aksjonsdagen er 20. oktober, men det skjer mykje på andre datoar også. 

Merk at det ikkje kjem bøsseberarar på dørene i Herøy.

Sentrumsløpet

Fredag 18. oktober klokka 15.00 vert det sentrumsløp i Fosnavåg (tidlegare kjent som rådhusløpet).

– Vi oppmodar alle kommunale avdelingar og lokale bedrifter i kommunen om å stille, seier ordførar Tine Storøy.

Ordføraren har utfordra ungdomsrådet til å delta i løpet. Ho vil betale inn til TV-aksjonen ut frå talet på runder dei spring.

Fosnavåg i 100 og 200 – ein folkefest

Laurdag 19. oktober klokka 10.00 blir Fosnavåg sentrum fylt med liv og røre.

Folk som er i sentrum vil bli minna om å støtte TV-aksjonen.

– Eg oppmodar folk om å arrangere tombola, kakesal, ansiktsmaling eller ha andre kjekke aktivitetar til inntekt for denne gode saka. Kvar krone tel, seier ordføraren.

 «Den viktigaste konserten i år»

Søndag 20. oktober klokka 17.00 går «Den viktigaste konserten i år» av stabelen i Fosnavåg konserthus.

Thon Hotel Fosnavåg vil lage kake og kaffi og du kan gi ditt bidra til TV-aksjonen.

Programleiarane er Marthe Salvatierra, Fride Myklebust og ordførar Tine Storøy.

På programmet står lokale bidragsytarar:

  • Kulturskulen: song, dans og musikk
  • Kvalsvik og Nerlandsøy skulekorps
  • «Kor kjekt» – demenskoret
  • Herøy knøttekor frå kyrkja
  • Even Nykrem
  • Bergsøy skulekorps: drill
  • Eliza og Veronica frå kvalifiseringssenteret

 

Lat oss stå saman om å støtte TV-aksjonen og menneske i sårbare situasjonar!