TV-aksjonen: Bli med på årets digitale dugnad

I år er TV-aksjonen til inntekt for Barnekreftforeininga. I Herøy har vi digital innsamling – akkurat som i fjor.

Ordførar Ann-Kathrin Storøy viser fram Spleisen som er oppretta frå oss som bur i Herøy. - Klikk for stort bilete– Bli med på årets TV-aksjon, oppmodar ordførar Ann-Kathrin Storøy. Den digitale bøssa er klar. Wenche Moltu

Vi har no oppretta ei digital bøsse der du kan gi bidraget ditt.

Dei innsamla pengane vil gå til å bygge familiehus, slik at familiane til barn med kreft kan leve så normalt som mogleg.

Datoen for TV-aksjonen i år er 20. oktober. Det er viktig å merke seg at dei ikkje kjem bøsseberarar på døra.

Gå hit for å gi i bøssa «Frå oss som bur i Herøy».

– Komiteen i Herøy er i full gang med å planlegge TV-aksjonen. Vi oppmodar alle skular, barnehagar, lag og organisasjonar, innbyggarane og næringslivet om å vere med.  Vi håpar på eit godt resultat, seier ein spent og klar ordførar Ann-Kathrin Storøy.