– Tusen takk for støtta til Redd Barna

Tv-aksjonskomiteen rettar ein varm takk til alle som har gitt og samla inn pengar. 

ei gruppe menneske ved eit leikestativ - Klikk for stort bileteTv-aksjonskomiteen samla i september. Frå venstre Cecilie Zahl , Ulla Hay (på besøk frå tv-aksjonen i Møre og Romsdal), Lilly Arlen Larsen, Britt Paulsen, Maria Sporstøl Leine, Linn-Therese Sævik og Bjørn Prytz. (Sissel Ødegård og Ingvill Sævik Bjørneset var ikkje tilstades). Wenche Moltu

«La barn leve i fred» var temaet for årets aksjon. Pengane går til Redd Barnas arbeid for barn som er ramma av krig og konflikt.

Per 24. oktober har det kome inn litt over 450 000 kroner i Herøy. Kommunen ligg med det på ein 187. plass nasjonalt. Kvar innbyggar i Herøy har i snitt gitt 51,13 kroner, det er 1,17 kroner over landssnittet.

Tv-aksjonskomiteen seier varmt takk til alle som har gitt eit bidrag. Det er venta at innsamlingsbeløpet vil stige noko når alle bidraga er rekna inn.

Komiteen minner om at det framleis er fullt mogleg å gi til aksjonen – og oppmodar alle om å støtte Redd Barna!

Løp på skulane, rådhusløp og kafé i Fosnavåg

Komiteen er mektig imponert over alle elevane som deltok i skuleløp til inntekt for tv-aksjonen. Med rause sponsorar i familiane kom det inn ein god sum pengar. 

Også i Fosnavåg sentrum blei det samla inn godt med pengar. Kvalifiseringssenteret for innvandrarar slo til med ein eigen kafé i sentrum laurdagen før aksjonsdagen. Folk strøymde til og kjøpte kaker og kaffi til inntekt for Redd Barna.

I sentrumsgatene gjekk det dessutan eit eige løp, det tradisjonsrike rådhusløpet. Nokre sprang og andre gjekk – innsatsen og humøret var på topp uansett teknikk.

13 digitale bøsser

Dette året gjekk Herøy over til å samle inn med digitale bøsser i staden for å ha fysiske bøsser på dørene. 13 digitale bøsser blei oppretta i Herøy. 

Tv-aksjonskomiteen er takksame for alle som laga og delte bøsser – og på den måten var digitale bøsseberarar.

Komiteen rettar også ein stor takk til Sparebanken Møre for sponsing som sørga for at innbyggarane fekk SMS med lenke til ei digital bøsse.