Treng du hjelp med teknologi? Få hjelp av ungdom på frivilligsentralen

23. og 29. oktober er skuleelevane klare til å hjelpe deg med mobil, nettbrett eller datamaskin.

ein mann med eit nettbrett - Klikk for stort bilete Adobe Stock

Det er elevane i faget «Innsats for andre» på 9. trinnet ved Ytre Herøy ungdomsskule som samarbeider med frivilligsentralen om dette tiltaket.

Tid: tysdag 23. og tysdag 29. oktober klokka 12.30–14.00.

Stad: Herøy frivilligsentral

Er det noko du lurer på eller treng hjelp til innan teknologi? Ta turen, så vil ungdommane sjå på utfordringa saman med deg. Ungdommane kan også lære deg om det som er populært på internett.

Det blir vaflar og kaffi å få. Tiltaket er støtta av Helsedirektoratet, derfor er det gratis å delta.

– Dette blir kjekt og sosialt. Vi håpar flest mogleg vil tilbringe denne dagen i lag med oss. Ta med mobil, nettbrett eller pc og godt humør – så får vi ei hyggeleg stund saman. Og kanskje får vi løyst ei eller fleire utfordringar med digitalt utstyr, seier Britt Paulsen, leiar for frivilligsentralen.