Tredje beste i fylket: Stor auke i bidrag til TV-aksjonen

Nesten 900 00 kroner vart samla inn frå Herøy til inntekt for Barnekreftforeningen i TV-aksjonen i år. Næringslivet sitt bidrag er tredobla frå i fjor.

Sissel Ødegård dagleg leiar i Herøy Næringsforum og ordførar Tine Storøy  - Klikk for stort bileteSissel Ødegård, dagleg leiar i Herøy Næringsforum, og ordførar Tine Storøy er nøgde med resultatet frå TV-aksjonen 2024. Wenche Moltu

TV-aksjonskomiteen i Herøy er svært takksam for alle som har engasjert seg og gitt pengar til den gode saka.

Innsamlinga

Det har vore skuleløp, loddbøker, innsamling i barnehagane, sentrumsløp, konsert og digitale bøsser i kommunen. Innsatsen har vore stor og det samla resultatet er presentert på givarstafett.no.

Om du har vore med og støtta ei digital bøsse i kommunen, så lurer du kanskje på korleis det har gått? I kommunen har det vore 11 digitale bøsser og resultatet ser du i spleis.no.

– Tusen takk, Herøy! Eg er så stolt over innsatsen frå alle innbyggjarar i kommunen. No ligg Herøy på tredjeplass blant kommunane i fylket når det gjeld resultat per innbyggar. Takk til skular, barnehagar, lag og foreiningar og ikkje minst til næringslivet i Herøy, seier ein veldig nøgd ordførar Tine Storøy.

Næringslivet sitt bidrag har auka med over 300 prosent frå i fjor og er det største på fem år.

– Ein stor takk til næringslivet i Herøy! Det har vore høgt engasjement og givarglede i årets TV-aksjon. Via Givarstafetten kom det inn godt over 200 000 kroner frå næringsaktørar. Det er det beste resultat frå dei siste fem åra, og det må vi vere stolte av, seiar leiar i Herøy Næringsforum, Sissel Ødegård.

Evaluering av TV-aksjonen

Denne veka har komiteen evaluert gjennomføringa av innsamlingsaksjonen i kommunen. Konklusjonen er at innsamlingsaksjonen har vore ein suksess.

Komiteen er samde i at det å vere med i gjennomføringa har vore givande og kjekt. Det har vore stor givarglede og engasjement i kommunen. Nytt for året var konserten med lokale krefter som vart halde søndagen. Kaffi og kake på hotellet i forkant av konserten var ein suksess, saman med alt anna som vart arrangert i kommunen.

Komiteen er klar for TV-aksjonen 2025 og håper at givargleda i kommunen held fram.