Torsdag: Bli inspirert til meir utetid på lag med naturen

Har du barn eller barnebarn, eller jobbar du med barn og unge? Kom på foredrag 3. april og få idear til fine naturopplevingar!

ei kvinne og eit barn ute på tur - Klikk for stort bilete DNT

Tid: torsdag 3. april frå 17.30 til 18.30

Stad: Herøy folkebibliotek

Meld deg på her!

2025 er Friluftslivets år, med ei rekke aktivitetar i Herøy.

Denne timen deler Inger Bakke lidenskapen sin for friluftsliv og det å oppleve naturen i lag med barn og unge. Ho bur på eit småbruk og har naturen rundt seg på alle kantar. Bakke er lidenskapeleg oppteken av å lære, forstå samanhengen og vere til stades i naturen i kvardagen.

– Vi menneske treng naturen rundt oss meir enn nokon gong både som kvilestad, læringsstad og møtestad. Naturen gir meg eit haldepunkt i ei elles kaotisk verd og den er min beste mentor, seier Bakke.

Ho har mange tips: Nokre dagar kan det vere å berre sjå opp på stjernehimmelen, andre dagar kan det vere å sette poteter eller slakte. Andre dagar igjen kan det vere å få opp pulsen, leike, hoppe i elva eller fyre bål.

Foredraget passer for alle, men spesielt for foreldre og besteforeldre og/eller andre som jobbar med barn og ungdom. Velkomen! 

Bakke er utdanna skodespelar og arbeider til dagleg som prosjektleiar i Sunnmøre friluftsråd. I anledning Friluftslivets år 2025 inviterer DNT Sunnmøre og Sunnmøre Friluftsråd til gratis inspirasjonsforedrag med støtte frå Sparebank 1 SMN Ålesund.

Informasjon om arrangementet på Facebook.