Tine Storøy ny ordførar – nytt kommunestyre samla i dag

Ordførar, varaordførar, formannskap og utval blei valde då det nye kommunestyret hadde det første møtet sitt.

Kommunestyret i kommunestyresalen - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik

Tine Storøy er vald til ordførar og Karl-Oskar Sævik til varaordførar. Med Storøy får Herøy sin første kvinnelege ordførar. 

På møtet retta ho ein varm takk til Bjørn Prytz for innsatsen i ordførarvervet og til Bjarne Kvalsvik for innsatsen som varaordførar. 

Her ser du kven som er faste medlemmer og varamedlemmer i det nye kommunestyret. 

politikarar frå formannskapet - Klikk for stort bileteHer er det nye formannskapet, med unntak av Tom Christian Nygard, som ikkje var til stades då bildet blei tatt. Svein Arne Orvik Ann-Kathrin Storøy og Bjørn Prytz - Klikk for stort bileteNy ordførar Tine Storøy og avgått ordførar Bjørn Prytz. Svein Arne Orvik Ann-Kathrin Storøy og Karl-Oskar Sævik - Klikk for stort bileteKarl-Oskar Sævik, ny varaordførar, blei gratulert av ordførar Tine Storøy. Svein Arne Orvik Ann-Kathrin Storøy og Bjarne Kvalsvik - Klikk for stort bileteBjarne Kvalsvik blei takka av som varaordførar. Han held fram som kommunestyremedlem. Svein Arne Orvik

 

Slik blir formannskapet og utvala 

Formannskapet

Ann-Kathrin 'Tine' Storøy (Høgre, ordførar), Karl-Oskar Sævik (Framstegspartiet, varaordførar), Tom Christian Nygard (Industri- og Næringspartiet), Karl Petter Sortehaug (Høgre), Lovise Nikoline Voldsund (Framstegspartiet), Linn Therese Hansen Sævik (Kristeleg Folkeparti), Per Kristian Furø (Arbeidarpartiet), Birgitte Sævik Pedersen (Kristeleg Folkeparti), Frank Roy Moltu (Folkelista)

Utvalet for helse og omsorg

Lovise Nikoline Voldsund (Framstegspartiet, leiar), Stig Arne Helsem Sævik (Høgre, nestleiar), Jarleif Igesund (Framstegspartiet), Stine Brekke Frantsen (Industri- og Næringspartiet), Sølvi Nerem Berg (Arbeidarpartiet), Roger Kvalsvik (Kristeleg Folkeparti), Inger Åse Nerem Moltumyr (Folkelista)

Utvalet for kultur og oppvekst

Arjan S. Sydhagen Dalsøren (Høgre, leiar), Mathias Dybvik (Framstegspartiet, nestleiar), Elisabeth Måløy (Industri- og Næringspartiet), Mona Grethe Ryssevik (Høgre), Gry Elisabeth Lillenes Kempton (Arbeidarpartiet), Karl Anders Brendmo (Kristeleg Folkeparti), Tone Tjervåg (Folkelista)

Utvalet for samfunnutvikling

Karl-Oskar Sævik (Framstegspartiet, leiar), Leif Arne Sandvik (Industri- og Næringspartiet, nestleiar), Margareth Leinebø (Høgre), Maria Isabell Sævik (Høgre), Runar Olsen (Kristeleg Folkeparti), Camilla Kvalsvik Aksnes (Arbeidarpartiet), Bjarne Kvalsvik (Folkelista)

Kontrollutvalet

Leiv Aarflot (Arbeidarpartiet, leiar), Ann-Elin Myklebust (Kristeleg Folkeparti, nestleiar), Idar Tarberg (Høgre), Ove Kåre Remøy (Framstegspartiet), Bente Storvik (Høgre)

Alle utvala blei valde ved høvetalsval.