Adobe Stock
22. oktober, 24. oktober og 1. november set vi vaksinar mot mot influensa og korona på Herøy kulturhus. Sjekk tidspunkta og sjå om du er anbefalt å ta vaksine.
Kommuneoverlege Jan Magne Remøy fortel at mange har luftvegsinfeksjonar i Herøy no. Det dreier seg om influensa, korona, mycoplasma og kikhoste, i tillegg til andre vanlege virus.
Remøy har desse oppmodingane for å redusere smitta:
- Hald deg heime viss du er sjuk – og kom igjen ein av dei andre dagane når du er blitt frisk.
- Hald avstand. Det er god plass på kulturhuset.
- Bruk gjerne munnbind dersom du ønsker det.
- Ha god handhygiene.
Kan du ikkje møte på nokon av dei oppsette datoane? Kontakt i så fall fastlegen din og avtal ein time.