Verditaksering Kjell Larsen AS
Du har kanskje allereie motteke brevet om synfaring – eller du vil få brevet ein av dei første dagane.
I brevet får du høve til å snarast mogleg gi beskjed til kommunen dersom du ynskjer å vere med på synfaring eller har andre opplysningar.
Det er berre dei som eig ein eigedom utan formuesgrunnlag hos Skatteetaten som får brev om synfaring.
Prøvetaksering er i gang
Verditaksering Kjell Larsen AS er i desse dagar ute i felt og gjer seg kjent med geografien i Herøy og gjer nokre prøvetakseringar.
Det kan derfor vere at du ser nokon med gule vestar og ID-kort. Sjølve synfarings- og takseringsarbeidet er planlagt starta opp i starten av april og framover til juni månad.
Herøy kommune har engasjert Verditaksering Kjell Larsen AS til å gjennomføre takseringa for kommunen.
Les meir om eigedomsskatt i Herøy.