Anne Merete Kleppenes og Anita Sande frå Statped engasjerte ein fullsett kultursal.
Elisabeth Warpe
Det var Anne Merethe Kleppenes og Anita Sande frå Statped som hadde det faglege innhaldet. Statped definerer alternativ og supplerande kommunikasjon som det å «kommunisere på andre måtar enn gjennom talespråk».
– Fagdagen gav ny fagkompetanse og inspirasjon til det vidare arbeidet. Årets fagdag følger opp ei tilsvarande samling vi hadde i oktober 2022, seier Elisabeth Warpe, avdelingsleiar for barnehage i Herøy kommune.
Barnehagane har gjort eit stort arbeid om alternativ og supplerande kommunikasjon, i samarbeid med Høgskulen i Volda. Denne satsinga skal halde fram ute i barnehagane.
Alle barn har ein lovfesta rett til alternativ og supplereade kommunikasjon i sitt ordinære barnehagetilbod.
Denne retten har barnehagane i Herøy også omtalt i den lokale, felles rammeplanen.