fv Liv Synnøve Hoel, Stikk UT-ansvarleg i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal og Hilde Ellingsæter, Stikk UT!-ansvarleg i Sunnmøre friluftsråd
Stikk UT!
Stikk UT! er eit lågterskeltilbod som gjer det enkelt å kome seg ut på tur. Alle turmåla finn du i Stikk UT!-kartet, på stikkut.no og i Stikk UT!-appen.
Turar for ulike nivå
Turane er delte inn i fargar etter vanskegrad:
- Grøn tur passar for dei fleste. Dette er korte turar med moderat stigning, godt eigna for familiar og for deg som vil ha ein roleg tur.
- Blå tur passar for dei med litt turerfaring. Desse turane kan ha brattare parti og krev litt meir innsats.
Les alltid turskildringa før du startar, slik at du veit kva turen inneber.
Årets Stikk UT!-turar i Herøy kommune
Her er oversikta over turmåla i Herøy sommarsesongen 2026:
- 82 Bjørnehiet gapahuk
- 83 Børa på Nerlandsøya
- 84 Djupvikhaugen på Gurskøya
- 85 Eggesbøvegen til endes
- 86 Heida
- 87 Herøy gard
- 88 Hornseten
- 89 Huldrehornet på Gurskøya
- 90 Lidafjellet
- 91 Lysløypa på Leikong
- 92 Rjåhornet på Nerlandsøy
- 93 Skåla på Gurskøya
- 94 Storeronda på Moltu (Sollida)
- 95 Vardane – rundtur om Remøykammen på Remøya
- 96 Vardeheida på Leinøya
- 97 «Våje» rundt Fosnavåg
- 98 Ytstevika
Vis turvett
Når du er med på Stikk UT!, er det viktig å ta omsyn til naturen og dei du møter på turen.
- Følg Stikk UT!-vettreglane, som står på baksida av kartet.
- Respekter grunneigarar, dyr og fugleliv.
- Har du med hund, skal den haldast i band.
- Ta med alt avfall heim – også hundeposar.
fv Hilde Ellingsæter og Liv Synnøve Hoel
Stikk UT!
Stikk UT! – bra for helse og beredskap
2026 er Totalforsvarsåret, med ekstra merksemd på beredskap og eigenberedskap. Å vere i god fysisk og mental form gjer oss betre rusta til å møte krevjande situasjonar. Gjennom Stikk UT! blir folk kjend med nærområdet sitt, får betre helse og meir overskot i kvardagen.
Sommarsesongen varer heilt til 31. oktober 2026.
Vi ønskjer alle ein god og trygg tursesong!
Turliste Sunnmøre (PDF, 746 kB)
Ståande f.v. Hans Edvard Pilskog (dagleg leiar i Sunnmøre friluftsråd), Håkon Hagen Knudsen (Giske kommune), Torill Velle (Sykkylven kommune), Linn Eidskrem Handeland (Ålesund kommune), Kristin Myrene (Herøy kommune), Kristi Linge Stakkestad (Fjord kommune), Elisabeth Flåskjer Kjerstad (Sula kommune), Torill Morsund Huse (Ålesund kommune), Silje Kiperberg Aksnes (Hareid kommune) og Mathilde Solbakken (Ålesund kommune). Sitjande framme f.v. Birgit Vollen (Vestnes kommune), Hilde Ellingsæter (Stikk UT!-ansvarleg Sunnmøre friluftsråd) og Randi Irene Helgøy (Vanylven kommune).
Stikk UT!