Stem fram Herøy som årets maritime kommune!

Herøy er ein av fem nominerte kommunar: Stem no og send Herøy til førsteplassen.

Ordføraren oppmodar alle om å stemme på Herøy som årets maritime kommune. Svein Arne Orvik

– Det er med god grunn at vi har vald «ei båtlengd føre» som visjon i Herøy kommune. For den maritime næringa vår er både stor, nyskapande og allsidig. Eg oppmodar alle til å stemme på Herøy som årets maritime kommune, seier ordførar Tine Storøy. 

Dei nominerte frå Møre og Romsdal er Herøy, Ulstein, Ålesund, Molde og Smøla.

Ressursane i det fiskerike havet har alltid vore grunnlaget for busetnad, vekst og utvikling i Herøy. Ein stor del av Noregs fiskeri- og offshorereiarlag har adresse her.

Her stemmer du! Inne på avstemminga vel du først «Nordvest» og så «Herøy».

– Stem for å støtte vidare vekst og utvikling av Herøy-samfunnet. Å bli årets maritime kommune vil vere ei viktig anerkjenning av vårt bidrag til den maritime sektoren og vår kontinuerlege innsats for å vere i front, seier ordførar Tine Storøy.

Det er Maritimt Forum som organiserer kåringa av årets maritime kommune. Først blir det avgjort kva som er årets maritime kommune i Møre og Romsdal. Fylkesvinnaren går så til den nasjonale finalen og kan bli årets maritime kommune i Noreg.

– Det var eit sterkt engasjement rundt kåringa i fjor, og det er ingen tvil i at det er mange lokalpatriotar og sterkt engasjerte lokalpolitikarar rundt om langs norskekysten, med hjarte for bygdas maritime næring, skriv Maritimt Forum Nordvest.

Siste sjansen for å stemme er 30. april.