Frå venstre Mona Høybakk Voldsund, Liv Hogrenning, Britt Paulsen, Lee Dale Herskedal, Bente Storvik, Monica Torvik Stokset og Julianne Auberg Hauge.
Herøy frivilligsentral
Naturmøteplassen i Fosnavåg blir fast i gapahuken i parken kvar onsdag framover. Det er Sunnmøre friluftsråd i samarbeid med Herøy frivillegental som står bak Naturmøteplassen, men det vil vere lokale frivillige vertar som er vertskap og som vil stå for gjennomføringa.
Populære møteplassar
Friluftsrådet har fleire Naturmøteplassar i kommunane rundt om på Sunnmøre, og møteplassen i Fosnavåg blir den 13. i rekka.
– Dette er svært populære møteplassar i friluft, for folk i alle aldrar. Mange kjem igjen gong etter gong, og det er svært gode tilbakemeldingar frå både vertar og dei som kjem innom på besøk, seier Hilde Ellingsæter, prosjektansvarleg hos Sunnmøre friluftsråd.
– Vi håpar dette blir eit populært tilbod også i Fosnavåg. Kombinasjonen av å komme seg ut i friluft og samstundes møte andre menneske og vere sosial er verdifullt. Dette er for alle som har lyst til å kome og vi gler oss til å komme i gang, seier Britt Paulsen i Herøy Frivillegsentral.
Trimtur og sosialt
Naturmøteplassen er eit lågterskel og uforpliktande tilbod til alle som har høve til å gå tur på dagtid, og som set pris hyggelege møte med andre.
Etter å ha gått eit lite stykke kjem ein fram til gapahuken der det er fyr i bålpanna. Her blir ein teke imot av blide og inkluderande vertar som spanderer varm drikke og som slår av ein prat.
Friluftsrådet dekker utgifter til ved, kaffi, utstyr med meir slik at dette ikkje kostar noko for kommunane, vertane eller dei som kjem innom. Dette er gjennom midlar frå Miljødirektoratet.
– Naturmøteplassane er eit godt folkehelsetiltak der ein både kjem seg ut på tur i friluft heile året og samtidig har det sosialt og kjekt saman med andre. At så mange kjem kvar gong, betyr at dei i alle fall kjem seg over dørstokkmila ein dag i veka, seier Hilde Ellingsæter.
Litt av formålet med Naturmøteplassane er trimturen til gapahuken. Gapahuken i Fosnavåg ligg i sentrum, så her er oppfordringa å gå heimanfrå for den som har høve til det.
Frivillige vertar
På Naturmøteplassane er det frivillige enkeltpersonar, samt lag og organisasjonar som byter på å vere vertskap.
– Vi har fått med oss fleire eldsjeler som har sagt seg villige til å vere vertskap og som vil byte på oppgåva, men vi håpar endå fleire vil melde seg til å vere vertar etter kvart. Om nokon er interessert er det berre å ta kontakt med frivillegsentralen, oppmodar Britt Paulsen, som sjølv også stiller som vertskap innimellom.