Spør bebuarar og pårørande om kvaliteten på tenestene
Korleis vurderer bebuarane og dei pårørande pleie- og omsorgstenestene våre? Det undersøker vi i desse dagar.
Adobe Stock
Publisert av Svein Arne Orvik
Publisert 05.06.2023 10:16
Sist endra 05.06.2023 10:52
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan ha utdatert informasjon.
Det er viktig for oss å heile tida utvikle tilbodet til dei som bur på sjukeheimane og i omsorgsbustadane våre. Og då treng vi å vite korleis bebuarane og dei pårørande opplever kvaliteten på tenestene.
Derfor gjennomfører vi no to undersøkingar:
- Pårørande ved Herøy omsorgssenter, Myrvåg omsorgssenter og Eggesbøtun får tilsendt ei pårørandeundersøking.
- Bebuarar blir intervjua av personar som ikkje er direkte knytt til pleie- og omsorgstenesta. Bebuarane ved Myrvåg seksjon B og Herøy omsorgssenter seksjon blå deltar ikkje i undersøkinga.
Har du spørsmål om undersøkingane? Ta gjerne kontakt med Camilla Kvalsvik Aksnes, fagkonsulent i pleie og omsorg, på telefon 99 22 99 82.
Takk for hjelpa til alle som er med og svarar!