Sølvi Lillebø Remøy går over i ny rolle
Frå årsskiftet blir ho assisterande kommunedirektør i halv stilling. Stillinga er finansiert med tilskot og prosjektmidlar.
Iselin Nevstad Øvrelid
Fram til nyttår arbeider Remøy fullt i stillinga som kommunalsjef for kultur og oppvekst. I januar jobbar ho 50 prosent i stillinga. Frå 1. februar tar Lene Nupen over som kommunalsjef for kultur og oppvekst.
Sølvi Lillebø Remøy går frå årsskiftet inn i ei ny stilling som assisterande kommunedirektør i 50 prosent. Som assisterande kommunedirektør skal ho mellom anna
- legge til rette for leiarutvikling og -opplæring
- bistå kommunalsjefane og andre leiarar
- ha ansvar for tverrfagleg samhandling og førebygging
- koordinere prosjekt
- fungere som kommunedirektør ved behov
Remøy er tilsett som assisterande kommunedirektør for perioden 1. januar til 31. desember 2024.
Publisert av Svein Arne Orvik
Publisert 03.11.2023 09:11
Sist endra 03.11.2023 09:11