Slik vil skuleskyssen bli med ny skulestruktur

Fylkeskommunen har sett opp når skulebussane vil gå dersom skular i Herøy blir samanslåtte.

ungdomar ved ein skulebuss - Klikk for stort bilete Terje Aamodt / Møre og Romsdal fylkeskommune

Oppsettet viser korleis skuleskyssen vil bli dersom

  • Moltu, Leikanger og Stokksund skule (barneskuletrinna) blir til ein barneskule
  • ungdomsskuletrinna ved Stokksund skule blir slått saman med Ytre Herøy ungdomsskule

Heim til ulike tider

Skyssopplegget har blitt til i eit godt samarbeid mellom kommunen og fylkeskommunen.

Kommunen har foreslått å flytte starttidspunktet for første skuletime til klokka 09.00 på ein samanslått barneskule i Stokksund. På den tida har fylkeskommunen betre kapasitet på bussane og kan tilby eit langt betre opplegg enn elles.

Oppsettet viser til når elevane vil ha skyss heim igjen – både dei som har såkalla ordinær skuleslutt og dei som har såkalla midtskyss (årstrinna som sluttar før dei andre).

Last ned oppsettet her (PDF, 44 kB).