Slik vert helse- og omsorgstenester tildelt
Det er laga ein ny kvalitetsstandart for tildeling av helse- og omsorgstenester i kommunen. Denne vart vedteken i kommunestyret i desember 2024.
Adobe Stock
Kva er kvalitetsstandaren?
Kvalitetsstandarden forklarar korleis Herøy kommune tildeler sine helse- og omsorgstenester. Vi ynskjer å skape ei felles forståing for nivået på tenesteytinga, basert på lovverk, faglege og juridiske vurderingar, og politiske prioriteringar. Kvalitetsstandarden skal gi både tenestemottakarar og tenesteutøvarar god informasjon om tenestene og kva ein kan forvente når ein tek i mot kommunale helse- og omsorgstenester.
Du kan lese om kvalitetsstandaren på nettsida til kommunen.
Publisert av Wenche Moltu
Publisert 13.01.2025 13:37
Sist endra 13.01.2025 13:37