Slår saman avdelingar på fast basis

Kommunikasjonsavdelinga er namnet på avdelinga som avløyser dei to tidlegare avdelingane service og kommunikasjon.

Illustrasjon av ein bunke publikasjonar med tittelen Kommunikasjonsstrategi - Klikk for stort bilete«Herøy kommune skal vere ei båtlengd føre. Det gjeld også kommunikasjonsarbeidet», heiter det i kommunikasjonsstrategien kommunestyret har vedteke. Herøy kommune

Frå august 2024 har avdelingane service og kommunikasjon vore midlertidig samla. No er avdelingane samanslåtte permanent og har namnet kommunikasjonsavdelinga. Avdelinga høyrer til sektoren for verksemdstyring – saman med økonomiavdelinga og HR/HMS-avdelinga.

Kommunikasjonsavdelinga er eit bindeledd mellom innbyggarane og kommunen og mellom dei ulike delane av organisasjonen. Avdelinga legg til rette for kommunikasjon og samhandling.

Kommunikasjonssjef Svein Arne Orvik har leia avdelingane service og kommunikasjon sidan august. Han er no tilsett som leiar for den samanslåtte avdelinga.

Bindeledd eksternt og internt

Kommunikasjonsavdelinga dekker fleire ansvarsområde og funksjonar:

  • ekstern og intern kommunikasjon
  • arkivteneste
  • servicetorg med resepsjon på rådhuset og sentralbord
  • digitalisering og digital samhandling
  • politisk sekretariat
  • sjølvbeteningsløysingar
  • beredskapskoordinering
  • personvern
  • klarspråk
  • val