Adobe Stock
Vedtaket i kommunestyret frå 26. september er slik:
«Kommunestyret ber administrasjonen greie ut dei økonomiske, pedagogiske og sosiale konsekvensane av å slå saman barneskulane i Indre Herøy, og å slå saman ungdomsskulane til ein felles ungdomsskule.»
Utdanningsdirektoratet har utarbeidd eit rundskriv om korleis slike saker skal handsamast. Dette rundskrivet legg administrasjonen til grunn, saman med forvaltningslova.
Det vil bli gjort to høyringar blant dei som vil vere omfatta av endringane som skal greiast ut:
- ein felles barneskule i indre Herøy
- ein felles ungdomsskule i kommunen
Administrasjonen er i gang med å hente inn grunnlagsdata som bakgrunn for høyringsdokumenta. Assisterande kommunedirektør Sølvi Lillebø Remøy leier prosessen, og fleire fagavdelingar er involverte.
Høyringane vil bli sende ut mot slutten av november. Høyringsperioden vil vere på to månader. Deretter vil saka verte samanfatta og lagt fram til politisk handsaming.
Vi kjem tilbake med meir informasjon før høyringane vert sende ut.