Skeiv Verden besøker kvalifiseringsenteret og to skular

Det vert tre dagar med klasseromssamtalar for vaksne og ungdom ved kvalifiseringssenteret for innvandrarar, Herøy vidaregåande og Ytre Herøy ungdomsskule.

eit stort klasserom med mykje folk - Klikk for stort bilete Adobe Stock

– Du vil aldri møte to menneske som er heilt like. Mangfald handlar om det som skapar forskjellar mellom oss menneske. Samtidig handlar mangfald om å møte forskjellane med openheit, respekt og inkludering, seier Lilly Arlen Larsen, leiar ved kvalifiseringsenteret.

Ho opplyser at Herøy denne veka får besøk av Skeiv Verden. Organisasjonen kjem for å snakke med innvandrarar om det å vere forskjellig, om det å vere skeiv, som til dømes homofil og lesbisk, eller om det å respektere andre personar.

– Skeiv Verden er ein sjølvstendig, religiøst og politisk uavhengig nasjonal interesseorganisasjon for LHBTIQ+-personar med minioritetsbakgrunn, seier Larsen.